Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

1891-1963 - Eidfjord herred / Eidfjord herad

01.05.1891 vart Eidfjord skilt i frå Ulvik herad som eit eige herred/herad.

Prestegjeld- og sokneinndelinga:
Då formannskapslovene vart sette i verk i 1838 hadde Graven prestegjeld i Hardanger og Voss Prosti i Bergen Stift fylgjande sokner;

  • Graven hovudsokn
  • Ulvik sokn
  • Eidfjord sokn

 

Ved kongeleg resolusjon (kgl.res.) av 30.12.1857 vart det namneskifte frå Graven til Ulvik prestegjeld, og Ulvik sokn vart hovudsokn.

 

 " den 8de Januar næstefter fra Departementet for Kirke- og Underviisningsvæsenet meddeelt Bergens Stiftsdirection, hvorved er bestemt, at Ulvigs Unnersogn til Gravens Præstegjeld underHardanger og Voss Provsti i Bergens Stift fra 1ste Januar 1858 overgaar til Hovedsogn for det af Ulvigs, Gravens og Eidfjords Sogne bestaaende Præstegjæld, der tilægges Navn af Ulvigs Præstegjeld."

 

I 1968 vart Eidfjord sokn ført over til Ullensvang prestegjeld.

 

Tinglag/lensmannsdistrikt
I 1838 høyrde Graven prestegjeld med soknene Graven, Ulvik og Eidfjord til Graven tinglag av Søndhordland og Hardangers Fogderi.

Det var i tillegg ein del gardar i Graven prestegjeld som høyrde til dei særskilde tinglaga for Rosendal gods og Lysekloster gods.

Ved kgl.res. av 29.08.1855 pkt. A gjeldande frå 01.01.1857 gjekk dei gardane, eller del av dei, som i Graven prestegjeld hadde høyrt til dei særskilde tinglaga for Rosendal og Lysekloster sine gods, over til Graven tinglag.

Ved kgl.res. av 29.08.1855 pkt. D vart det også gjort vedtak om at -

 

"Lensmandsdistriktene blive ovenensstemmende med Thinglagene, saaledes som disse ved foranstaaende Bestemmelser under Bogstav A forandres."

 

Ved kgl.res. av 29.09.1858 vart namnet på Graven tinglag endra til Ulvik:

 

"den 4de October næstefter fra Finants- og Tolddepartementet meddelt Amtmanden i Søndre Bergenhuus Amt, hvorved er bestemt: Ar Gravens Thinglag i Hardanger og Voss Fogderi, Søndre Bergenshuus Amt, herefter bliver at benævne Ulvigs Thinglag."

 

Ved kgl.res. av 23. 04.1892 vart Ulvik tinglag delt i to, til Ulvik tinglag og Eidfjord tinglag.

" hvorved Ulvik thinglag i Hardanger og Voss fogderi, Søndre Bergenhus amt, fra den tid, 7 der af amtmanden nærmere bestemmes, deles i to thinglage, nemlig Ulvik thinglag, bestaaende af Ulvik og Graven herreder, og Eidfjord thinglag, svarende til herredet af samme navn."

 

            Ved kgl.res. av 01.03.1895 vart Ulvik tinglag delt i to, til Ulvik tinglag og Graven tinglag.

 

" hvorved er bestemt at Ulvik thinglag i Hardanger og Voss fogderi, Søndre Bergenhus amt, fra den tid, der af Amtmanden nærmere bestemmes, deles i to thinglage, nemlig Ulvik thinglag og Graven thinglag, svarende til herrederne af samme navn."

 

Kommuneinndelinga:
 I samsvar med formannskapslovene av 1837 § 1 skulle kvart prestegjeld på landet utgjera eit formannskapsdistrikt.

Matrikkellova av 1863 innførte nemninga herad for formannskapsdistrikt på landet. Heradskommune er også ei nemning som er brukt. I nyare tid er kommune den mest vanlege nemninga.

I 1838 høyrde Eidfjord sokn til Granven formannskapsdistrikt, som fekk sams grenser med Graven prestegjeld.

Ved kgl.res. av 30.12.1857. gjeldande frå 1. januar 1858 endra Graven prestegjeld namn til Ulvik prestegjeld, og truleg vart då også namnet på formannskapsdistriktet endra. (Møtebøkene frå denne tida manglar)

Ved kgl.res. 06.12.1890 vart Eidfjord sokn utskilt frå Ulvik heradskommune og vart eigen heradskommune, gjeldande frå 1. mai 1891.

 

" hvorved er bestemt, at Ulvik herred i Hardanger og Voss fogderi, Søndre Bergenhus amt, fra den tid, som af amtmanden nærmere bestemmes, skal deles i 3 herreder, saaledes at hvert af sognene Ulvik, Graven og Eidfjord kommer til at udgjøre et eget herred."

Laster...