Arkivplan.no
Utskriftsvennlig versjon

Organisering av arkivtenesta

Arkivtenesta på kommunehuset er organisert som ei sentralisert arkivteneste. Personale som arbeider med postregistrering og andre arkivoppgåver er knytt til arkivtenesta. Arkivleiar har fagansvaret i arkivtenesta og er fagleg overordna for arkivpersonalet i alle kommunale einingar.

Arkivtenesta si hovudoppgåve er å kvalitetssikra dokumentasjonen av verksemda i kommunen.

 

Arkivtenesta skal arbeida etter denne målsetjinga:

  • Arkivtenesta registrerer inngåande brev og andre førespurnadar utanfrå (journalføring).
  • Arkivtenesta sikrar at arkivet dokumenterar opphavet til ei sak (inngåande skriv), sakshandsamingsprosessen (interne dokument, kommentarar, utgreiingar, osb) og resultatet av handsaminga (vedtak, avtalar, kopi av utgåande skriv, oppfylgjing).
  • Arkivtenesta sørgjer for systematikk og samanheng i arkiva, slik at dei kan fungera som informasjonskjelde og informasjonssystem for administrasjonen, rettsleg og forvaltningsmessig dokumentasjon og som arkivkjelder for ettertida.
  • Arkivtenesta tar vare på dokumentasjon av elektroniske arkivsystem.
Laster...