Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

01.01.2022 - Ytre Bu - grenda vert grensejustert frå Ullensvang kommune til Eidfjord kommune

Fylkesmannen i Vestland gjorde 21.08.2020 vedtak om å justera kommunegrensa mellom Ullensvang og Eidfjord. Endringa tok til å gjelda frå 1. januar 2022.

Vedtak frå fylkesmannen:

"Fylkesmannen i Vestland gjer med dette følgjande vedtak:
Kommunegrensa mellom Ullensvang kommune og Eidfjord kommune vert endra slik at gnr. 229 i Ullensvang kommune vert ein del av Eidfjord kommune. Ny grense i sjø vil følgje eigedomsgrensa på land, i same retning ut i sjøen, til den treffer grensa mot Voss herad midt i fjorden. Endringa tek til å gjelde frå 1. januar 2022."

Avgjerdsmynde
Etter inndelingslova § 6 kan Kongen gjere vedtak om justering av grenser mellom kommunar. Ved forskrift 10.03.2017 nr. 313 pkt. 2, jf. forskrift 30.08.2019 nr. 1096 pkt. 2, er fylkesmennene delegert mynde til å treffe avgjerd i «mindre saker om justering av kommunegrenser når det er semje om ei løysing».

Vilkåra for at Fylkesmannen skal ha kompetanse til å treffe avgjerd i saka er såleis for det første at det er tale om ei «mindre sak» om grensejustering, og dernest at det er «semje om ei løysing».

Ut frå ei samla vurdering av dei opplysningane som ligg føre, under dette mellom anna storleiken på det arealet som er omfatta av initiativet om grensejustering og talet på innbyggjarar som vert påverka, vurderer vi den aktuelle saka for å vere ei slik «mindre sak» om grensejustering der Fylkesmannen er delegert mynde til å treffe avgjerd.

Av dei uttalene vi har motteke i høyringa legg vi til grunn at det er semje om den løysinga som Fylkesmannen gjorde framlegg om.

På dette grunnlag legg vi difor til grunn at Fylkesmannen har mynde til å treffe avgjerd om grensejustering i denne saka.

Ny kommunegrense

Laster...