Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no

Eidfjord kommune

Eidfjord er ein kommune i Vestland fylke. Kommunen grensar i nord mot Ulvik, og i sør og vest mot Ullensvang.

Over Hardangervidda grensar kommunen i Aust mot Hol og Nore og Uvdal kommunar i Viken fylke.
Inntil samanslåinga til Vestland fylke år 2020 høyrde Eidfjord til Hordaland fylke.

Eidfjord ligg i landskapet Hardanger og omfattar den indre delen av Eidfjorden, dalane innafor, samt den nordvestre delen av Hardangervidda.
Eidfjorden er ein arm av Hardangerfjorden, og Simadalsfjorden er igjen en arm av Eidfjorden.

Frå 01.01.2022 vart Eidfjord kommune større i areal, då grenda Ytre Bu som tidlegare høyrde til Ullensvang vart grensejustert til å verta ei del av Eidfjord kommune.

Laster...