Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Nyttig informasjon for framfinning i arkiva til Eidfjord kommune

1891-1963

Sjølv om Eidfjord kommune ikkje vart sjølvstendig før 1891 så går arkivet heilt attende til 1856 som gjeld barneskulane i Eidfjord.

 

 

1964-1976

Eidfjord kommune vart slått saman med Kinsarvik og Ullensvang frå 1964, men ein vil i arkiva til Eidfjord kommune finna ulike arkivskaparar og arkivseriar frå denne perioden.

Deler av arkivmateriale frå Ullensvang herad har og vorte overført til Eidfjord kommune.

Ein vil av den grunn finna arkivmateriale for Eidfjord i begge kommunane.

 

Om ein ikkje finn arkivmaterialet i Eidfjord kommune sine arkiv, så må ein retta ei henvending til noverande Ullensvang kommune Dette grunna Ullensvang herad vart slått saman med Odda kommune og Jondal kommune frå 01.01.2020.

 

 

1977-

 

Organisering

Eidfjord kommune var organisert med etatstruktur frå 1977-1998.

Frå 1999 vart Eidfjord kommune omorganisert til flat struktur.

 

Arkivnøkkel

1977-1992 – NKS arkivnøkkel

1993-d.d. – K-Kodar

 

2022 – Ytre Bu

Grenda Ytre Bu vart ein del av Eidfjord kommune frå 01.01.2022

Ytre Bu var ein del av Ullensvang kommune, tidlegare Ullensvang herad som etter vedtak frå fylkesmannen vart grensejustert til Eidfjord.

For å finna arkivmateriale før 01.01.2022 som omhandlar denne grenda, må ein retta ei henvending til noverande Ullensvang kommune Dette grunna Ullensvang herad vart slått saman med Odda kommune og Jondal kommune frå 01.01.2020.

For å finna arkivmateriale som omhandlar gardsbruka, så har Ytre Bu hatt desse gardsnummera:

 

Tidsrom

Gnr.

Kommune

         - 2019

129

1231 Ullensvang herad

2020 - 2021

229

4618 Ullensvang kommune

2022 -

129

4619 Eidfjord

 

2022 – Arkivmateriale sendt til Innlandet Fylkesarkiv / IKA Opplandene - Lillehammer

Eidfjord kommune inngjekk avtale med Innlandet Fylkesarkiv / IKA Opplandene om muggsanering og digitalisering av arkivmateriale som vart funne i det gamle kommunehuset.

Deler av arkivmateriale frå perioden 1890-1967 er av den grunn på Lillehammer fram til dette arbeidet er utført.

Laster...