Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Kommunevåpenet til Eidfjord kommune

Eidfjord kommune

Vedtak om kommunevåpen
Eidfjord kommune sitt kommunevåpen vart godkjend i Statsråd 2. novemnber 1984, fastsett ved Kongeleg resolusjon. Bakgrunnen for resolusjonen var eit kommunestyrevedtak i Eidfjord 13. juli 1984, som vart sendt via Fylkesmannen i Hordaland og Kommunaldepartementet. 

Fargar
Eidfjord sitt kommunevåpen -  På Blå bakgrunn eit sølv reinsdyregevir
Eidfjord sitt kommuneflagg - På Blå bakgrunn eit sølv reinsdyregevir

Bakgrunn
I kommunestyresak 42/82 vart John Digernes engasjert for utarbeiding av kommunevåpen, og innbyggjarane vart oppmoda om å senda inn framlegg til han. I kulturstyresak 44/83 gjekk fleirtalet inn for reinsdyrgevir som motiv, med fylgjande grunngjeving: 

  • Reinsdyr var grunnlag for folkesetnaden i Eidfjord, og har vore viktig næringsgrunnlag for folket i alle år, og har i dag sin kulturverdi.
  • Gevir er symbol på kraft. (Eidfjord er ein livskraftig kommune.)
    Taggane kan stå som symbol for vekst
  • Geografisk kan motivet symbolisera elvane frå fjellet sommøtest ved fjorden. 

John Digernes teikna eit gevir sett framanfrå, og dette vart godkjend av riksarkivet i mars 1984.

Laster...